Du legg ned Tracesure® bolus med inngjevar. Det lekk sporemne ut etterkvart som vomvæske trenger inn.
Tracesure® har på grunn av dette ei rekke fordelar framfor andre tilskottsformer og andre typer bolus:
- Dei løyste sporemna blir raskt tatt opp i blodet
- Konstant frigjeving under alle forhold og i alle dyr
- Alle dyr får like mykje tilskott og dermed lik forutsetning til å vekse, produsere og yte
- Mindre variasjon i miljø og fôring gjer det lettare å selektere dei rette dyra for avl
- Kontroll på frigjeving gjer at innhaldet av potensielt giftige emne som selen kan vera høgare enn i andre bolus på marknaden
- Bolusen smuldrar ikkje opp og blir mindre, men den held form og vekt i heile den aktive levetida. Dette gjer at risikoen for at dyret mister bolusen er veldig liten
- Etter at vomvæske har trengt gjennom så sveller den opp og flyt opp i vomma og blir spytta ut. Då er bolusen tom.