Om mineralar og sporemne

Mineralar kan ein dele inn etter kor mykje det finns i fôret. Magnesium, kalk, fosfor, natrium og kalium finns det mykje av og ein kallar dei for store mineralar eller makromineralar. Selen, jod, kobolt og koppar finns det svært lite i gras, så lite at det i analyser ofte berre er spor av dei. Ein kallar dei derfor sporemne eller mikromineralar.

Dyra er heilt avhengig av mineralar og når det gjeld dei store mineralane så regulerer dyra opptaket – sparer når det er lite og sløser når det er mykje. Problemet oppstår når det blir ubalanse mellom desse – særleg når det blir for mykje kalium og for lite magnesium og klor. Dette er nærmast regelen i norsk grovfôr og er ein viktig grunn til at ein skal analysere grovfôret.

Sporemna blir bygd inn i proteinar som til dømes enzym, vitaminer og hormoner. Dette gjer at dei har avgjerande innverknad på helse, vekst, produksjon og fruktbarheit. Berre selen inngår i eit 20-tal ulike protein og tilvarande finns det for koppar.

Mangel på sporemne vil difor påverke dyret på mange ulike vis og kan vera vanskeleg å identifisere.

Les meir her:

http://beefandlamb.ahdb.org.uk/wp-content/uploads/2016/03/BRP-plus-Trace-element-supplementation-of-beef-cattle-and-sheep.pdf

 

Når kan ein mistenkje sporemne som årsak til problem?

Dette er vanlege sporemnerelaterte problem:

  • Meir enn 4-5% av påsettlam som er tomme (selen, kobolt, jod evt koppar)
  • Kalvar med svak eller ingen sugerefleks (jod- og selenmangel)
  • Storfe som slepper vinterpelsen utpå forsommaren (koppar)
  • Svarte storfe med rufsete pels og brun/raudaktig hårlag (koppar)
  • Lam som veks dårleg frå midten av juni trass god vårtilvekst (kobolt)

Brunst og dårleg tilvekst kan også vera teikn på sporemnemangel, men blir ofte også påverka av fôring, parasittar m.m.

Kartlegging av evt sporemnemangel

  1. Start med grovforanalyser for både store og små mineralar. Det er det beste utgangspunktet , men har og begrensningar (sjå presentasjon nedanfor). Særleg nyttig er det å kartlegge antagonistar til koppar.
  2. Skaff deg ein oversikt over kva dyra får i seg og om alle dyr får det samme. Sinperioden er kritisk for kyr.
  3. Selenmangel er vanleg forekomande Blodprøver for GPX (heparin) og selen (heparin) gjev eit bilde av selentilskott både tilbake i tid og i notid
  4. Samleprøve for plasma inorganisk jod gjev korttidsbilet av jodtilskott
  5. Koppar i plasma er usikkert og er sterkt påverka av immunsystemet, men med mange dyr frå same gruppe kan det gje ein indikasjon
  6. Utprøving av tilskott er tilrådd som metode for å finne ut om det er mangel på noko, men ein må gje tilskott på ein måte som gjer at ein veit at alle dyra har fått nok. Dette utelukkar ad lib løysingar og krev injeksjon, drench eller bolus.

Laboratorieundersøking

https://www.afbini.gov.uk/publications/animal-health-commercial-price-list-2018-19

https://www.afbini.gov.uk/publications/farm-animals-diagnostic-submission-form

Jason Barley frå AFBI sin presentasjon Veterinærdagene 2020



Mjølkefeber hos sau

Det er veldig viktig å oppdage teikna på mjølkefeber tidleg og tilføre kalk så raskt som råd. Easycal er lett å gje og tilfører sauen ei stor dose kalk som blir tatt opp på ein naturleg måte i vom og tarm.

Grovfôrprøver – ei god investering

20. desember 2019

Kryss av for Mineraler med kation/anion-balanse og 4 Mikromineraler, så får du med koppar, molybden, selen, jod og kobolt. Då har du den informasjonen du treng til å vurdere kva mineraltilskott dyra dine treng.

Mineralrevisjon – fordi blodprøver ikkje seier alt

15. november 2019

Har du eit helseproblem eller syns produksjonen din ikkje er slik den burde vera, kan blodprøver gje nyttig informasjon. Men blodprøver gjev ikkje svar på alt og bør vurderast opp mot dyras inntak av mineralar. Ein mineralrevisjon er nettopp det; ei kartlegging av kva dyra får i seg.

Nedanfor finn du eit rekneark der resultatet av fôranalysene blir lagt inn. Desse blir så vurdert opp mot dyras behov. Dette finn du i den høgre delen av reknearket. Behovet er oppgjeve som gram eller milligram per kg tørrstoff i fôret du gjev dyra.