Om oss

Me har lang erfaring med å hjelpe den norske småfe- og storfebonden til betre produksjon. Samanhengen mellom dyras inntak av sporemne og dyras helse og produksjon, er kompleks og ikkje enkel å forstå alltid. Tolking av analyser av grasprøver, leverprøver og blodprøver krev spesialkompetanse. Me har inngåande kjennskap til laboratorium for analyse av blod- og leverprøver.

Animax er grunnlagt av veterinær Les Porter som på 70-talet arbeidde med husdyrforsking på New Zealand. Han utvikla produkt som løyste dei problema han såg i praksis – problem som meir eller mindre er identiske uansett om sauen eller kua beiter på New Zealand eller i Lofoten.