Aktuelt

Når kan ein mistenkje sporemne som årsak til problem?

Dette er vanlege sporemnerelaterte problem:

  • Meir enn 4-5% av påsettlama er tomme (selen, kobolt, jod evt koppar)
  • Kalvar med svak eller ingen sugerefleks (jod- og selenmangel)
  • Normalt fødde lam med dårleg livskraft og som brukar lang tid på å suge (selen og jod)
  • Storfe som slepper vinterpelsen utpå forsommaren (koppar)
  • Svarte storfe med rufsete pels og brun/raudaktig hårlag (koppar)
  • Lam som veks dårleg frå midten av juni trass god vårtilvekst (kobolt)

Brunst og dårleg tilvekst kan også vera teikn på sporemnemangel, men blir ofte også påverka av fôring, parasittar m.m.

Bilde. Sam Taylor